Historia om kraftverket i Flørli

”Smelteverket som heldigvis ikkje kom”

Flørli er ein sers godt eigna plass for kraftproduksjon. Fallet mellom Flørvatnet og sjøen er på 740 meter, og er det nest høgaste utbygde fallet i Norge. Forretningsmannen Einar Meling frå Stavanger kjøpte i 1914 Flørli-garden med heier og utmark og begge Flørlivatna medrekna for 16.000 kroner.

A/S Flørli Kraft – og Elektrosmelteverk blei skipa i 1916 med ein aksjekapital på ein million kroner. Planen var å byggja ut 12000 hk og det blei gjort avtale med Röchlingsche Eisen- und Stahlwerke i Duisburg i Tyskland. Dei skulle ta imot og selja produkta til ein pris som minst dekte kostnaden i produksjonen.

Kor dei ville finna plass til eit stort smelteverk er uråd å forstå for oss i dag, men ein del kraftige murar heilt nede ved fjorden blei tidleg bygde, og dei var tiltenkt smelteverket.

A/S Flørli fekk konsesjon 16. nov. i 1916. Då var byggjearbeida alt i full gang. Men om byggjearbeida gjekk framover etter planane, så var det mykje ute i den vide verda som endra seg. Stål til våpenproduksjonen hadde tyskarane stor interesse av, men så snart krigslukka snudde, fall heile stålmarknaden saman. Den eine si ulykke kan trygt seiast å bli den andre si lykke. Lysefjorden fekk aldri noko smelteverk.

Anleggstida
Om fallhøgda i Flørli var gunstig, så skulle det kosta mykje slit og sveitte å få bygd dammar og røyrgate i dette terrenget. Mykje utstyr måtte fraktast opp til Ternevatnet 740 meter over havet. Og den jobben måtte utførast med menneskeleg muskelkraft, før det eitt år ut i anleggsperioden blei bygd ein trallebane frå fjorden og opp til vatnet.

Det blir fortalt om mangt eit krafttak i denne perioden og mest kjende er sterke Nils Helmikstøl som skal ha bore 135 kilo på ryggen opp Flørlia (dette var på slutten av 30-talet).

Flørlisamfunnet veks fram
Det første som trongst i Flørli var brukande kai og ein provisorisk kraftstasjon til eigen straum. Og etterkvart blei det reist bustadbrakker både ved fjorden og oppe på fjellet. Midt oppe i lia ligg Flørlistølen, og dette blei ein base for folk som frakta materialar med hest innover mot Flørlivatnet.

I 1916 var det i alt 119 personar i arbeid ved anlegget. Flørli var utan telefonsamband på den tida, og det blei drøfta å tilsetja ein sjukepleiar/brakkesjef som kunne yta hjelp om nokon blei skadde. ”Hender her et alvorlig ulykkestilfelle, kan vi praktisk talt ingen ting gjøre, da vi ingen forbindelse har med lege”. Men om risikoen var stor, så var viljen til tiltak som dette liten.

Flørli fekk eigen butikk ned ved kaien og mange budde i lag med familien sin i dei ulike brakkene. Levekåra må ha vore krevande både for born og vaksne, for me veit at det i ei brakke budde 47 personar fordel på 12 rom. Sommaren 1917 var arbeidsstyrken på sitt høgaste med 142 mann på lønningslista.

Røyrgata
Frå kraftstasjonen nede ved fjorden og opp til dammen i Ternevatnet skulle det byggjast røyrgate. Røyret skulle leggjast i betongfundament som var støypte fast i fjellet. For å klara dette arbeidet, blei det bygd ei skinnegang og eit kraftig spel som drog vognene opp fjellsida. Her dukka det opp mange tekniske problem og drifta av spelet var ustabilt. Ei gong førte svikt i spelet til at ei tralle med ni mann oppi rutsja nedover i rasande fart. Alle greidde hoppa ut og berga seg, men det blir fortalt om folk som aldri meir tok trallebanen etter den dagen. Langs trallebanen blei det bygd ei tretrapp som i dag er på 4444 trinn og dermed den lengst i verda i sitt slag.

Kamp mot både naturen og vêret
Anleggsarbeidet gjekk kontinuerleg heile året gjennom, og om vintrane skapte snømengden store problem. Etter påske i 1917 var vêret på heia så dårleg at folk berre kunne arbeida 3-4 dagar kvar veke. På det verste låg arbeidarane inne ti dagar i strekk. Og det kunne røyna på for dei som ikkje hadde anna enn timelønn for utført arbeid. No måtte selskapet gå med på å betala dei fem kroner dagen i slike periodar. Her kan me altså snakka om lite lønnsamt vêr også for arbeidarane.

I februar i 1918 bles det opp til orkanaktig snøstorm og kraftledningen til fjellet bles ned. Ved Litle Flørlivatn la det seg opp ei fonn med ei snødjupne på åtte meter over brakketaket. Taket begynte å svikta og midt på natta måtte folk rømma over i ei anna brakke. For å koma ut derifrå måtte dei då først grava seg ein veg gjennom den djupe fonna. Snømåking var eit dagleg arbeid og ein arbeidsgjeng hadde dette som si oppgåve i heile vinterhalvåret.

Kraft til Stavanger
I 1918 blei all kraft frå Flørli leigd ut til Stavanger Elektrisitetsverk, og A/S Flørli rekna med å tene gode pengar på kraftproduksjonen. Slik gjekk det ikkje. Kostnadene ved drifta blei høgare enn venta etter brå vendingar i finansmarknaden. Kraftverket fekk nye låneavtalar, men det var dyre kroner for eigarane. I 1928 hadde gjelda kome opp i 5,7 millionar kroner, og kraftverket var i realiteten konkurs. Bankane dei hadde lånt pengar av var sjølv på fallande føter.

I 1925 var Flørli A/S villige til å selja kraftverket til Stavanger kommune, men tidene var dårlege, og først i 1927 blei det selt for om lag halvparten, 3,75 mill. kroner til Stavanger Elektrisitetsverk. Flørli blei den viktigaste energikjelda for Stavanger i 25 år framover.