Boka Flørli – Kraftbygda i Lysefjorden

Bygdeboka for Flørli vart skrive av Hessel Haker og Hanne Thomsen i 2023 og 2024, og utgjeve i april 2024. Den er for sal her, i kaféen i Flørli og hos flere bokforhandlarar og lokale butikkar i både Forsand, Jørpeland, Stavanger og Sandnes.

Gjev denne lærerike og vakre boka i gåve til nokon du set pris på!

Frå coveret til Flørli boka:
“Det er juni 1920. I Flørli er det krise: røyrbrot. I Stavanger må Elektrisitetsverket ty til rasjonering. Det er ikkje populært. I avisspaltene haglar kritikken. Snart er nær femti mann i sving med å spa fram stasjonen frå under rasmassane og utbetre skadane. No går Stavanger kommune til søksmål. Vil A/S Flørli gå konkurs?

Denne og mange andre spanande forteljingar har no for første gong blitt nedskrivne. Saman med eit unikt bildemateriale gjev boka eit djupdykk i Flørli si historie: Ei bygdesoge med store konsekvensar for både Stavanger og Forsand.”