Våre sider er på Engelsk for det er mykje jobb å halde dei oppdatert på to språk. Ta gjerne ein telefon om du lurer på noko!

Vandrarheim • Leilegheiter • Camping • Kafé • Pub • Kiosk • Aktivitetsenter • Events og møterom
Kapasitet: restaurant 120 personar, overnatting 63 senger

Flørli er ei veglaus grend med fire ferjeavganger til dagleg. Flørli er mest kjend for sine 4444 trappetrinn langs røyrgata opp Troppekosnuten – verdas lengste tretrapp. Grenda er óg populær for si vasskrafthistorie – i den gamle kraftstasjonen kan du besøke utstillinga med historier frå anleggsperioden samt nyte ein rimeleg og god middag med kaffe og noko attåt i kaféen.

Flørli er ein jordnær og herleg plass. Det er óg ein base for flotte friluftsopplevingar. Vakn opp til ein speilblank fjord på ein sval sommars dag. Kjenn fjord brisen i anletet mens du padlar kajakk langs bratte sva. Føl det kriblar i magen når ser ned trappa med bygda og ferja langt der nede. Møt kjekke folk over ein pils i skulepubben eller kom ein laurdag og nyt stampen på gamle kaien.

Det er alltid noko å glede seg over her på Flørli – kom og oppdag det sjølv!

Bu på Flørli: leilegheit frå kun 2850 kr per helg, dobbeltrom 1380 kr per helg – bestill her!

Sommar 2018 – det skjer i Flørli!
Å gjera: 100-års jubileum 1918-2018 • 4444 Trappetrinn • Historisk Utstilling • Kanu og Kajakk • Skulepub • Stamp på kaien • Slappe av og kose seg!

Google Kart og eit oversiktsbilde av Flørli