Haddelandhuset

Haddelandhuset er eitt av fire maskinisthus som vart bygd i høve den andre utbygginga av Flørli Kraftstasjon på 40-talet. Huset stod nok ferdig i 1948. Mange maskinistfamiliar fekk etterkvart bu her. Dei siste som eigde huset var familien Haddeland-Johansen frå Kvinesdal. Våren 2024 vart huset kjøpt av Hessel og i løpet av våren og hausten 2025 total renovert.

Hessel og Ragnhild bur i huset på vinteren. På sommaren blir huset sporadisk leigd ut når det er fullbooka elles. Som regel er det vener og familie som får oppleve å bu her. Det er óg ynskje om at tidlegare fastbuande i Flørli skal føle seg velkomne tilbake og få tilbod om huset.

Huset ligg sentralt i bygda, 30 høgdemeter opp frå fjorden, 300m frå næraste parkeringsplass. Det har to etasjer, fire soverom, to bad, kjøken med alle fasilitetar, peisstoge og spisestoge. Andre fasilitetar: wifi, oppvaskmaskin, kaffetraktar, vatnkokar, steikeomn, induksjonskomfyr, vedomn. I alt er det senger og utstyr for inntil 10 gjester:

  1. Soverom 1, 120cm seng (til 1 eller 2 personar)
  2. Soverom 2, 120cm seng (til 1 eller 2 personar)
  3. Soverom 3: 120cm seng (til 1 eller 2 personar) + køyseng (2 personar)
  4. Soverom 4: 90cm seng (til 1 person)
  5. Ekstra senger: 2 ekstra senger.